InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Mørkerom: roman

Om å finne tilbake til fortida og til seg sjølv.

Mørkerom handlar om Mette, som gjennom fotografi og minne forsøkjer å gå inn i si eiga fortid - og vidare inn i fortida til faren. Då faren døydde så altfor tidleg av sjukdom, mista ho blikket som gjorde henne til den ho var: Det å ikkje lenger bli sett skapte store endringar. Er det mogleg å finne attende til den ho var i blikket til faren? Kanskje må ho bryte gjennom dei idealiserte bileta ho har skapt av faren? Det å rekonstruere historia til faren kan vere ein veg til å finne fram til seg sjølv. Mørkerom er ein roman om å sjå og bli sett, om minne, identitet og familierelasjonar, og om ein far som var flygeleiar, men også lidenskapeleg oppteken av å fotografere.
429,00 kr
Mette Karlsvik
Om forfattaren

Mette Karlsvik

Mette Karlsvik (f. 1978) debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. I 2012 fekk ho både Bokhandlarstipend, Stig Sæterbakkens minnepris og Skien kommunes kunstnarstipend. Romanen Bli Björk (2011) blei nominert til Brageprisen. Forfattarskapen hennar er kjenneteikna av eit unikt blikk på verda, eit blikk som famnar alt frå det mikroskopiske til det globale, gjerne i éi rørsle og setning.