Monstertanta: roman
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Monstertanta: roman

9–12 år
Julie står framfor sitt livs verste sommar. Foreldra drar til Kreta for å prøva å redda ekteskapet, medan Julie blir sendt på landet for å bu hos tanta si som hatar barn. Monstertante har sine heilt eigne metodar for å få barn til å eta sunt og jobba hardt, og då Julie trur at livet ikkje kan bli stort verre, hamnar ho med ansiktet ned i ein rykande fersk kubæsj. Ein dag bestemmer ho seg for å rømme. Men midt oppi i denne verste sommaren finst det ein del lyspunkt. Julie får ei venninne, som veit om ein fin badeplass, og av Monstertante får Julie ansvaret for sin eigen kalv. Ho er først redd for kalven, men etterkvart blir dei gode venner. Monstertanta er ei bok som handlar om å lære å kjenne både dei ein likar og dei ein ikkje likar. Frå 10 år.
189,00 kr
Sider
101
Utgivingsår
2007
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252170122
Ingelin Røssland
Om forfattaren

Ingelin Røssland

Ingelin Røssland (f. 1976) er frå Tysnes i Sunnhordland, men busett i Sverige. Ho debuterte med Viss du vil i 1998. For Handgranateple i 2006 blei ho tildelt Sunnmørsprisen og Uprisen. Ho har også motteke Sigmund Skard-stipendet, Guro Sandsdalens litteraturpris og Falturiltuprisen. Bøkene hennar er omsette til tysk, fransk, engelsk, færøysk og dansk. Ho er kanskje mest kjend for trilogien om Engel Winge. Den siste boka hennar var OMG frå 2019, som vart nominert til Kritikarprisen og til Uprisen.