Mjøsa rundt med mor: ei livsreise
InnbundenFleire format

Generell litteratur

Mjøsa rundt med mor: ei livsreise

Bibliotekets litteraturpris 2023
«dette er bare noe helt for seg selv»
— Geir Vestad, Hamar Arbeiderblad
Vinnar av Kritikarprisen 2020. Nominert til Brageprisen 2020. Ei annleis klassereise Dette er ei forteljing om ei mor og ein son på biltur rundt Mjøsa. Bjørn Hatterud er homofil, funksjonshemma og klassereisande. Som tenåring drøymde han seg vekk frå heimbygda Veldre, nord for Brumunddal. På ein trimma moped tok han sine fyrste turar bort frå bygda, inn i fridommen. Då han var 21 år gammal, flytta han til Oslo, der han har budd sidan. I tankar og samtaler reiser vi mellom fortida og notida, bygda og byen, mellom ulike lag av minne frå livet til ein bygdegut frå arbeidarkår, som har arbeidd seg inn i kunst- og kulturfeltet i hovudstaden. Dette er ei forteljing om korleis ein aldri heilt kjem seg bort frå plassen ein voks opp. Boka er ei hyllest til ein oppvekst, ein generasjon, eit geografisk område og ikkje minst til ei mor.
429,00 kr
Sider
221
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234002335
Meldingar

Sagt om boka

5 omtaler

«"Boka til Hatterud er svært god å lesa. Ho viser kor mykje kjærleik og litt trass kan ha å seie for at ein skal verta fri."»

— Lars Kolbeinstveit, Minervanett.no

«Den essayistiske stilen, altså Hatteruds helt egne synsvinkler på ulike tema, fortelles med en uhøytidelig og muntlig nynorsk. Språket gjenspeiler folkeligheten fortelleren vokste opp med. Pluss et nyanserende blikk som løfter tekstene til et høyt niva..»

— Emilio Sanhueza, Aftenposten

«"Hatterud er multi-outsider, men der det å vokse opp som handikappet, overvektig, arbeiderklassegutt og homofil kunne være en temmelig giftig cocktail i bygdedyrets hender, har han i senere tid omfavnet det som deler av samfunnet tidligere anså som svakhe»

— Audun Vinger, Dagens Næringsliv

«"En sår, klok og mangefassetert tekst som har noe å lære alle om livet"»

— Kåre Bulie, Klassekampen

««Det å føle tilhørighet, kjærlighet og stolthet til en plass, og samtidig ha et behov for å forlate den, er ikke bare lett. Men du verden så god litteratur det blir av det!»»

— Jonas Bals, Klassekampen

Bjørn Hatterud
Om forfattaren

Bjørn Hatterud

(f. 1977) kjem frå bygda Veldre i Ringsaker kommune. Han er kulturskribent, kunstkritikar, kurator, musikar, er medlem av Kringkastingsrådet og lagar støymusikk. Han har tidlegare gitt ut Mot normalt (2018), Mjøsa rundt med mor (2020) og Blokka på Bjerke (2023). I Mjøsa rundt med mor skildra Hatterud livet som homofil og funksjonshemma med bakgrunn i arbeidarklassen på bygda. Boka vann mange hjarte og fekk Kritikarprisen. Hatterud har også motteke Kritikarprisen, Bibliotekets litteraturpris og Fritt Ords Pris.