Generell litteratur

Blokka på Bjerke: tretten år i tredje etasje

«Smart, vart og pregnant! [...] Til tross for slike lune og tankevekkende kulturelle og sosiologiske betraktninger, er det portrettene av naboene som bærer boka. Framfor alt historien om vennskapet med krigsseileren Bj...»
— Marius Wulfsberg, Dagbladet
Om blokklivet og det sårbare i livet. I tretten år har Bjørn Hatterud budd i ei blokk i Groruddalen i Oslo. I 1961 flytta 48 familiar inn i dei tolv etasjane på Bjerke. Då Bjørn flytta inn, var mange av bebuarane gamle. Bjørn vart nær venn med fleire av naboane, som krigsseglaren Bjarne, som budde vegg i vegg med Bjørn, og Ester i første etasje, som ein gong var ei fattigjente på Langøyene. På tretten år har Bjerke gått frå å vere eit slite nabolag til eit populært buområde. På same tida har Bjørn gått frå uføretrygd og eit botnpunkt i livet til karriere med verv, prisar og nye moglegheiter. Hatterud skal no flytte frå Bjerke og ser tilbake på åra i blokka og folka han har møtt. Blokka på Bjerke er ei gripande forteljing om Hatterud, livet i dei tolv etasjane, sorger og gleder, nære vennskap og endringane som har skjedd med både området, blokka og
249,00 kr
Sider
202
Utgivingsår
2024
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234012754
Meldingar

Sagt om boka

4 omtaler

«Bjørn Hatterud har skrive eit sjarmerande kjærleiksbrev til blokkene og folka på Bjerke. Det er blitt ei klok og varm forteljing å le med og lære av [...] Ikkje at livet er ein konkurranse. Men om ein skulle arrangere ein konkurranse for å kåre Norges mest sympatiske person, trur eg Bjørn Hatterud ville blitt ein av finalistane. Kanskje til og med vinnaren . norgesmeister i glimt i auget!»

— Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen

«Bjørn Hatterud forteller i «Blokka på Bjerke» majoritetens historie med et unikt perspektiv [.] Her er det mange minoritetserfaringer som kommer sammen på en gang: Han er en klassereisende homo med funksjonsnedsettelse, som attpåtil skriver på nynorsk! Men det som kommer ut i andre enden, er majoritetens historie [...] Apropos setningene. De er i denne boken, som i den forrige, forbilledlig korte og enkle.»

— Knut Hoem, NRK

«Det er noe inspirerende nedpå ved måten han skriver på. Kan det ha med bakgrunn å gjøre? Når du kommer fra en familie av lastebilsjåfører og er vokst opp på en husmannsplass, unngår du kanskje setninger som er unødig kronglete? I tillegg er Hatterud helt klart morsom. Som humorist kan han minne om alvdølen Kjell Aukrust eller gjøvik-rockerne Vazelina Bilopphøggers, men Hatterud har også et tydelig analytisk perspektiv.»

— Knut Hoem, NRK

«Hatteruds skildringer av folkelivet på Bjerke, og blokken han bodde i, er strålende, og man forstår hans frustrasjon over at bydelen blir enda et område for de som får det til i livet. Bjørn Hatteruds hjerte banker for alle som er litt annerledes. Menneskene han beskriver dukker sjelden opp i offentligheten, men i «Blokka på Bjerke» gir han mange god plass og beskriver dem med respekt. Det er ikke vanskelig å dele hans bekymringer for de sårbares plass i samfunnet.»

— Varg Lukas Folkman, Dagens Næringsliv

Bjørn Hatterud
Om forfattaren

Bjørn Hatterud

(f. 1977) kjem frå bygda Veldre i Ringsaker kommune. Han er kulturskribent, kunstkritikar, kurator, musikar, er medlem av Kringkastingsrådet og lagar støymusikk. Han har tidlegare gitt ut Mot normalt (2018), Mjøsa rundt med mor (2020) og Blokka på Bjerke (2023). I Mjøsa rundt med mor skildra Hatterud livet som homofil og funksjonshemma med bakgrunn i arbeidarklassen på bygda. Boka vann mange hjarte og fekk Kritikarprisen. Hatterud har også motteke Kritikarprisen, Bibliotekets litteraturpris og Fritt Ords Pris.