InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Min krig, suitar

Omsett frå svensk av Ingrid Z. Aanestad

Om krigane som rasar under freden.
Min krig, suitar krinsar om krigane som rasar under freden, og den sorga som kjem før døden, ei sorg som forplantar seg i redsla for å gløyme eller bli gløymd. Dikta beveger seg i den intense nærleiken mellom mor og barn. Dei snakkar om å føde og å drepe, om å eige og å elske. Dei snakkar om grenser og grenseløyse. Dikta stiller spørsmål ved eit fantastisk, forskrekkeleg liv, ved kvardagen, slagmarka, sjukdommen, husdyra, tapet - skulda, gløymsla og minnets avgrunn. Dette er eit forsøk på å opprette eit narrativ kring den kraftløysa og brutaliteten som mennesket rommar. Dei brota vi utøver mot kvarandre og andre, den trøysta vi søkjer og treng. Gjendikta av Ingrid Z. Aanestad.
299,00 kr
Jenny Tunedal
Om forfattaren

Jenny Tunedal

(f. 1973) er svensk forfattar, kritikar og rettleiar ved Litterär gestaltning. Min krig, suitar (2011) er hennar fjerde diktsamling. I 2017 kom hennar femte: Rosor skador.