Mellom oss sagt: roman

Skjønnlitteratur

Mellom oss sagt: roman

Studietida er for lengst over og livet er i ferd med å feste seg for Regine Hansen og venene hennar i Bergen. Fridommen til å velje minkar, fortid og notid flyt i kvarandre og fellesskap smuldrar opp. Gjennom Regine sin jobb som saksbehandlar i Aetat får vi eit innblikk i liva og lagnadene til folkemylderet ho dagleg omgir seg med. Livets absurditetar trer tydeleg fram. Mellom oss sagt er ei vittig og skarp, tragisk og sår skildring av venskap og einsemd, om suget etter å høyre til - og om fellesskapets klaustrofobi. Med nittitalet som nært bakteppe, handlar romanen om strevet med å finne seg ein plass i dagens Norge.
329,00 kr
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252182194
Marit Eikemo
Om forfattaren

Marit Eikemo

 

Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør og leiar for Cornerteatret i Bergen.

Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut seks romanar, den seinaste er Team Tuva (2021). Ho har også skrive essayboka Samtidsruinar.

Marit Eikemos bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018. I 2019 mottok ho Samlagsprisen.

Fotograf: Agnete Brun

Foto av Marit Aarekol og Marit Eikemo, tekne av Skjalg Ekeland: