Mediespråk

Jon Peder Vestad | Bjarte Alme

Boka gir ei brei innføring i form og formidling i journalistikk, frå overordna problemstillingar om språk og makt, språknormer og haldningar, til praktisk journalistisk arbeid. Forutan ei rekkje gode råd om god språkføring inneheld boka også oppgåver og ei journalistisk ordliste.

Det språket som blir brukt i media, er det som har størst utbreiing i samfunnet. Derfor må journalistar og andre som bruker mediespråk, ha eit gjennomtenkt forhold til språkbruken sin.

Denne boka gir ei brei innføring i form og formidling i journalistikk, frå eit overordna plan der det blir greidd ut om språk og makt, språknormer og haldningar, til praktisk journalistisk arbeid med språket som verktøy. Det blir mellom anna gjort greie for språkideal, journalistiske sjangrar og verkemiddel, argumentasjonsteknikkar og arbeid med journalistiske tekstar. Språkbruk i radio og fjernsyn har fått god plass, og stemmebruk og framføring er emne for eit eige kapittel. Forutan ei rekkje råd om god språkføring inneheld boka også oppgåver og ei journalistisk ordliste.

Mediespråk. Form og formidling i journalistikk er skriven for journaliststudentar og andre som studerer eller bruker språk i massemedia. Boka kan også høve for lærarar som underviser i mediefag og norsk på vidaregåande skular og folkehøgskular, og for folk som arbeider med informasjon.


ISBN: 9788252159349

Kategoriar: Høgskule og universitet, Jon Peder Vestad

Emneknagg: 2002, Hefta,

Sjanger: Mediefag



Meir frå Jon Peder Vestad