Media og det menneskelege: moralfilosofiske utgangspunkt for jounalistisk etikk

Fagbøker

Media og det menneskelege: moralfilosofiske utgangspunkt for jounalistisk etikk

Denne boka skisserer eit utgangspunkt for ein ny presseetikk. Ifølgje forfattaren må journalistisk praksis forankrast i noko anna enn magekjensla eller den siste PFU-avgjerda. Boka gir ei innføring i klassiske filosofiske definisjonar av etikk og moral og koplar desse teoriane til moderne massekommunikasjon. Eit sentralt spørsmål er: kva er etisk kommunikasjon? Forfattaren brukar Aristoteles og seinare filosofar sine teoriar til å vise at journalisten må ta utgangspunkt i seg sjølv når han/ho utformar si yrkesrolle - "først menneske, så journalist". Boka munnar ut i 9 "tesar" om grunnlaget for ein ny medieetikk. Boka vender seg til journalistar og andre med interesse for medias rolle i samtida. Lars Arve Røssland er førsteamanuensis ved Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen. Han har skrive doktoravhandling om det norske presseetiske systemet, og har skrive fleire artiklar, rapportar og bøker om pressetiske emne.
320,00 kr
Sider
183
Utgivingsår
2007
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252170184
LR
Om forfattaren

Lars Arve Røssland

(f. 1967) er dr.polit. i medievitskap frå Universitetet i Bergen. Røssland har særleg arbeidd med pressehistorie, presseetikk og journalistikk.