Med ordet som våpen: tale og skrift i vestleg historie
Hefta

Fagbøker

Med ordet som våpen: tale og skrift i vestleg historie

Ny bok som tek opp forholdet mellom munnleg og skriftleg kommunikasjon over eit tidsrom på 5000 år, frå dei første skriftlege sivilisasjonane i Mesopotamia til den prenta skriftkulturen på 1500-talet. Forfattaren drøftar framveksten av administrasjon og byråkrati, nasjonal identitet og statsdanning, og nye tankemønster i filosofi, vitskap og litteratur i lys av skriftkulturen. Boka er oppdatert både empirisk og teoretisk, og er den første på norsk som tek opp dette emnet i eit historisk perspektiv, og som analyserer tale- og skriftkulturen i lys av teoretiske kategoriar. Boka er skriven for studentar i historie, media og kommunikasjon, sosialantropologi, religionshistorie og nordisk.

350,00 kr
LM
Om forfattaren

Leidulf Melve

(f. 1972) tok historie hovudfag i 1999, har sidan hatt engasjement på Historisk institutt ved Universitetet i Bergen og er no doktorgradsstipendiat. Forfattaren har publisert bokmeldingar og vitskaplege artiklar i fagtidsskrift.