Måsane
Innbunden

Romanar og noveller

Måsane

Han går i Nygårdsparken for å samle seg, men det er vanskeleg. Minna demrar om Malik og den ulovlege flyttebusinessen, Eira og dei svartkledde ungjentene, drapet i Øystese, dansen rundt Fantoft stavkyrkje, Trine _x0096_ sambuaren som gjorde det slutt etter elleve år, marerittet på Kreta, transmogrifiseringa av Liv Pedersen. Det er då dei kjem.

Måsane sirklar over han igjen. Skrika er verre enn nokon gong. Kvifor plagar dei han slik, kvifor blir han aldri kvitt dei?

429,00 kr
OK
Om forfattaren

Olav Kristiseter

Blodlenka (2006) er eit brutalt familiedrama, ei forteljing om ein ung guts oppvekst og kamp mot ein tyranniserande far og rivaliserande brør. I 2008 følgde Kristiseter opp med Måsane _x0096_ ein roman som m.a. blei omtala som «en storartet og rystende opplevelse» av Bergens Tidende. Glør i sommarnatta (2009) er ei samling forteljingar frå ei vestlandsbygd, inspirert av og tett knytt til Shakespeare. Kristiseter har i tillegg til dette publisert essay og kronikkar om litteratur og musikk i dei fleste større avisene, samt i nokre tidsskrift. Frå 2010 held han òg skrivekurs. Som aktiv musikar og låtskrivar har han gitt ut plater med fleire band, også internasjonalt. Kristiseter er busett i Bergen.