OK
Forfattar
Olav Kristiseter
Blodlenka (2006) er eit brutalt familiedrama, ei forteljing om ein ung guts oppvekst og kamp mot ein tyranniserande far og rivaliserande brør. I 2008 følgde Kristiseter opp med Måsane _x0096_ ein roman som m.a. blei omtala som «en storartet og rystende opplevelse» av Bergens Tidende. Glør i sommarnatta (2009) er ei samling forteljingar frå ei vestlandsbygd, inspirert av og tett knytt til Shakespeare. Kristiseter har i tillegg til dette publisert essay og kronikkar om litteratur og musikk i dei fleste større avisene, samt i nokre tidsskrift. Frå 2010 held han òg skrivekurs. Som aktiv musikar og låtskrivar har han gitt ut plater med fleire band, også internasjonalt. Kristiseter er busett i Bergen.
Utgivingar av forfattaren
3 treff
Han har to brør og ein far som sit lamma i rullestol. Faren - pater familias Manasses - tyranniserer gutane og kontrollerer dei med vald ...Blodlenka
Olav Kristiseter
449,00 kr
Anton Kjøpstad lever plutseleg eit farleg liv, etter å ha rota seg inn i ei stor spelegjeld, mens den nykomne filippinske kona til Mareno...Glør i sommarnatta
Olav Kristiseter
449,00 kr
Han går i Nygårdsparken for å samle seg, men det er vanskeleg. Minna demrar om Malik og den ulovlege flyttebusinessen, Eira og dei svartk...Måsane
Olav Kristiseter
429,00 kr
