Glør i sommarnatta
Innbunden

Romanar og noveller

Glør i sommarnatta

Anton Kjøpstad lever plutseleg eit farleg liv, etter å ha rota seg inn i ei stor spelegjeld, mens den nykomne filippinske kona til Mareno Nakken, varaformann i Høgre, har større ambisjonar for karrieren hans enn det han sjølv har. Men kva gjer ein ikkje for kjærleiken? Rigmor Monsen, på si side, ser ut til å finne kjærleiken i Jesus, bokstaveleg talt.

Dei fem sprelske forteljingane frå Olav Kristiseter er fulle av intrigar og kjærleik, komikk og tragikk.

449,00 kr
OK
Om forfattaren

Olav Kristiseter

Blodlenka (2006) er eit brutalt familiedrama, ei forteljing om ein ung guts oppvekst og kamp mot ein tyranniserande far og rivaliserande brør. I 2008 følgde Kristiseter opp med Måsane _x0096_ ein roman som m.a. blei omtala som «en storartet og rystende opplevelse» av Bergens Tidende. Glør i sommarnatta (2009) er ei samling forteljingar frå ei vestlandsbygd, inspirert av og tett knytt til Shakespeare. Kristiseter har i tillegg til dette publisert essay og kronikkar om litteratur og musikk i dei fleste større avisene, samt i nokre tidsskrift. Frå 2010 held han òg skrivekurs. Som aktiv musikar og låtskrivar har han gitt ut plater med fleire band, også internasjonalt. Kristiseter er busett i Bergen.