Mange års røynsle med pil og boge: forfattaren les 97 eigne dikt

Skjønnlitteratur

Mange års røynsle med pil og boge: forfattaren les 97 eigne dikt

2 t 5 min
Olav H. Hauge (1908-1994), vår fremste norske lyrikar i etterkrigstida, var både klassisist og modernist. Han brukte mange strofeformer og poetiske verkemiddel, og den veldige spennvidda mellom korthogne, haikuliknande dikt og formfullenda sonettar har hatt sterk appell på tvers av generasjonane. Enkel livsvisdom er nedfelt i korte, aforistiske dikt, intellektuell undring er blanda med konkrete sansingar både i tingdikt og vare landskapsskildringar. Olav H. Hauge las dikta sine på ein intens og samtidig ledig måte.
379,00 kr
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234008863
Olav H. Hauge
Om forfattaren

Olav H. Hauge

Olav H. Hauge (1908–1994) er den fremste norske lyrikaren i etterkrigstida og var både klassisist og modernist. Han debuterte som forfattar i 1946.

Gartnaren frå Ulvik kalla seg gjerne sjølv ein vanleg arbeidsmann. I norsk bokheim vart han ein uvanleg arbeidar, ruvande som arvtakar og som nydyrkar. Frå heimen på Rossvoll skaffa han seg vidt utsyn og store kunnskapar. Han gav ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Hans eigne dikt har også nådd langt ut i verda, og gjendiktingane er komne på eit kvart hundre språk.

Olav H. Hauge var både klassisist og modernist; han kjende og brukte mange strofeformer og poetiske verkemiddel. Nettopp den veldige spennvidda mellom korthogne strofer og formfullenda sonettar har hatt ein eineståande appell på tvers av generasjonane. Den folkekjære diktaren er særleg kjent for kjærleiksdikta sine.