Mamsell Iversen: roman

Skjønnlitteratur

Mamsell Iversen: roman

Pauline Lindstad blir funnen brutalt drepen i moltemyra ved ei lita bygd på det indre Austlandet. Drapet grip brått inn i livet til dei som bur i området. Folkepraten går, og mamsell Iversen, prostituert og vevarske, får ei ubehageleg kjensle av at det er ho som har stått for ugjerninga. Med bråe skift mellom burlesk humor og gravalvor blir vi kasta inn i bygdas mange historier og møter fargerike karakterar: den morlause Skam-Andras, som går og leiter etter far sin blant fyllikane, Marie Størks, som har sterke band til både himmel, helvete og dei døde, og skreppekremmaren Svensk-Jøden, som vart tatt av dage i same traktene som Pauline Lindstad.
329,00 kr
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252182170
Sigmund Løvåsen
Om forfattaren

Sigmund Løvåsen

Sigmund Løvåsen (f. 1977) er frå Trysil og er busett på Svartskog i Nordre Follo
kommune. Han studerte ved forfattarstudiet i Bø og Litterär Gestaltning i Göteborg. Han har tidlegare vore leiar for Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring og leiar av Kulturrådet. Løvåsen debuterte i 2003 med
romanen Nyryddinga, og for den blei han tildelt både Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2- lyttaranes romanpris. Han har sidan gitt ut romanar, skodespel, barnebok, biografi og diktsamling. Siste utgiving på Samlaget var diktsamlinga Tusen elgar i garasjen, som han vart nominert til Brageprisen for.