"I ei bok med mykje varme og klokskap set forfattaren ord på kjensler mange vil kjenne seg att i."
Alf Kjetil Igland, Fædrelandsvennen
"[Sørbø] skriv personleg og like fullt allmenngjort om den slagramma faren som døyr etter eit par år på sjukeheim. Den røyndomsnære og konkrete skildringa av erfaringa med det å miste ein far, blir avløyst av essayistiske passasjar om problem knytt til alderdom, generasjonsfasar, pliktetikk, kommunikasjonsgrenser, omsorg og menneskeverd. Her er innslag av dikt, og referansar til litteratur, musikk og filosofi som katalysator for stemning og idé. Samstundes er det heile ei skildring av eit Vestland prega av sober livsførsel og pietistisk kristendom, plassert i rogalandsk kystbygdlandskap, Sørbø sine eigne heimtrakter."
Kjersti Rorgemoen, Klassekampen
"Jan Inge Sørbø setter fint ord på hvordan det eksistensielle og det praktiske, eller hverdagslige, blir vinklet samme når man konfronteres med døden [...] Sørbøs tekst er er løst organisert rundt fortellingen om den siste tiden til faren, som døde i 2004, men hever seg til et mer allment nivå gjennom de mange essayistiske passasjene. Ved hjelp av tenkere som Foucault, Kant, Habermas og Løgstrup gir Sørbø produktive beskrivelser av eldre som samfunnsgruppe og forholdet mellom voksne barn og gamle foreldre."
"Først og fremst er det en varm bok, dernest myk – og likevel: Den stiller ubehagelige spørsmål. Lest riktig, vil den gi et ubehag – men la det ikke forveksles med dårlig samvittighet. Han spør mer enn han svarer, og spørsmål kan – det vet vi jo – være vel så opplysende som selve svaret [...] Det er en bok som handler om forsvinning og død. Men klangen er av liv, det skal være sagt."
Jan Inge Sørbø (f. 1954) er litteraturvitar, forfattar og journalist frå Bru i Ryfylke. Han er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda. Han debuterte som skjønnlitterær forfattar med diktsamlinga Lågt skydekke i 1986 og har seinare skrive ei rekkje bøker i fleire sjangrar. Han har mellom anna skrive kritikarroste biografiar om Ronald Fangen, Alfred Hauge og Hans Skjervheim og romanar baserte på liva til Alexander Kielland, Ludvig van Beethoven og Fartein Valen. I 2009 ga han ut Ørneflukt og ormegard – ein kritikarrost biografi om Olav Aukrust, og i 2010 kom Lyset frå fars ansikt. Refleksjonar ved livets slutt. Den kritikarroste Nynorsk litteraturhistorie kom i 2017.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO