Litteratur for barn og unge 2005

Per Olav Kaldestad | Karin Beate Vold

Å skriva for barn er i prinsippet det same som å skriva for vaksne: I begge tilfelle er det ei kunstnarleg utfordring. Denne utgåva av Årboka. Litteratur for barn og unge tar mellom anna for seg den kunstnarlege sida ved barnelitteraturen.

Det historiske perspektivet er representert i fleire artiklar. Helene Høyrup drøftar H.C. Andersens formval i eventyra, Boel Westin analyserer eg-forteljingar frå 1700- og 1800-talet og Einar Økland går 100 år attende og reflekterer rundt ein tekst av Rasmus Løland.

Samtidslitteraturen er som vanleg breitt representert. Årets portrettintervju er med Tor Åge Bringsværd, og årboka inneheld dessutan essay av Stein Erik Lunde og Ragnfrid Trohaug. Den aller nyaste barnelitteraturen blir omtalt av kritikarane Inger Bråtveit og Finn Stenstad, og Anne- Stefi Teigland i Kulturdepartementets prisjury gir ein gjennomgang av bokåret 2003..

Årboka presenterer dessutan nytt om formidling. To artiklar tek for seg dei nye leseprosjekta i skolen; Elise Seip Tønnessen oppsummerer erfaringane frå prosjektet ”Ungdom inn i teksten” og Lise Iversen Kulbrandstad og Anne Lillevold Jacobsen fortel om prosjektet ”Lesekvarter” ved ein ungdomsskole i Hedmark.


ISBN: 9788252165272

Kategoriar: Per Olav Kaldestad

Emneknagg: 2005, Hefta,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Per Olav Kaldestad