Litteratur for barn og unge 2002
Hefta

Litteratur for barn og unge 2002

LBU 2002 inviterer til ein refleksjon omkring formidling av den gode nyare barne- og ungdomslitteraturen og om barnelitteraturen som kunstform. LBU er ei handbok for alle som arbeider med og interesserer seg for barne- og ungdomslitteratur. Den inneheld mellom anna aktuelle artiklar om barne- og ungdomslitteratur.

I årets utgåve diskuterer ein mellom anna om "Bør eller kan barnelitteraturen vere kunst?" Nei, svarer forfattaren og kritikaren Inger Åstenstad og grunngir og utdjupar svaret sitt. Tormod Haugens forfattarskap blir analysert i to artiklar, og ein artikkel tar for seg formidlinga av nokre av dei nyare bøkene hans i Mexico. Dessutan blir Jon Fosse presentert som barnebokforfattar i eit langt intervju, medan Harry Potter blir presentert av sin norske omsetjar Torstein Bugge Håverstad.

Blant mykje anna går dessutan Einar Økland tilbake i tid i sin "nekrolog" over ein smal sjanger, malebøkene, medan Jørgen Gaare og Øyvind Sjaastad les filosofi ut av evig aktuelle Astrid Lindgrens forfatterskap.

429,00 kr
PK
Om forfattaren

Per Olav Kaldestad

(f. 1947) er forfattar og organisasjonsmann. Han debuterte med diktsamlinga Kikkert i 1973 og har sidan skrive ei lang rekkje bøker i dei fleste sjangrar, både for vaksne og barn. Kaldestad er i dag mest kjend for sine barnebøker, men har ein lang forfattarskap bak seg, der eit av kjenneteikna er stor variasjon. Kaldestad turnerer uanstrengt mellom ulike stilartar, og skriv like gjerne gammalengelske sonettar som ramsalt, vestlandsk ferjekrim. Kaldestad har gjort mykje for å fremje kunnskap om norsk barnelitteratur, m.a. som medredaktør for Årboka for barne- og ungdomslitteratur og bildeboknettverket Ord & Bilde. Han har òg vore formann i organisasjonen Norske Barne- og Ungdomsforfattere. For boka Sola klappar meg fekk Kaldestad i 1993 Æresliste-diplom Pier Paolo Vergetio (Europeisk barnebokpris). I 1997 mottok han Samlagsprisen, og i 2001 fekk han Askeladdprisen for sin forfattarskap og for arbeidet med Årboka for barne- og ungdomslitteratur. Kaldestad er utdanna cand. philol., men er i dag forfattar på heiltid. Han bur på Stord.