Litteratur for barn og unge 2001
Hefta

Litteratur for barn og unge 2001

Korleis lese tekst og bilete? Årboka Litteratur for barn og unge er eit forum for kritikk, forsking og formidling. Tema for 2001-utgåva er litteraturpedagogikk og formidling av tekst og bilete for barn og unge. Bidragsytarane kjem frå Noreg, Danmark og Nederland.

"Problemet med den gode litteraturen er at den ikke bare forutsetter en god forfatter, men også en god leser", seier den danske litteraturpedagogen Vibeke Hetmar i artikkelen om lesemåtar. Årboka inneheld elles artiklar med ulike innfallsvinklar på det litteraturpedagogiske feltet, av m.a. Dagrun Skjelbred, Åsfrid Hegdal, Asbjørn Kolberg og Nina Goga. Her er og eit intervju med illustratøren og forfattaren Svein Nyhus, og Einar Økland har laga eit stort essayistisk portrett av forfattaren Zinken Hopp.

Årboka har alltid eit vindauga mot utlandet, og denne gongen er det Nederland.

Boka gir oversyn over sentrale faglege arrangement og over viktige institusjonar i norsk og nordisk barnelitteraturforsking. Den inneheld statistikkar, prisar, bibliografiar og viktige adresser og nettadresser.

Årboka Litteratur for barn og unge er ei nyttig handbok for lærarar, studentar, bibliotekarar, kulturarbeidarar, litteraturskribentar og forfattarar, og for alle andre som arbeider med og interesserer seg for barne- og ungdomslitteratur.

Årboka kjem ut på Det Norske Samlaget i samarbeid med Norsk barnebokinstitutt.

429,00 kr
PK
Om forfattaren

Per Olav Kaldestad

(f. 1947) er forfattar og organisasjonsmann. Han debuterte med diktsamlinga Kikkert i 1973 og har sidan skrive ei lang rekkje bøker i dei fleste sjangrar, både for vaksne og barn. Kaldestad er i dag mest kjend for sine barnebøker, men har ein lang forfattarskap bak seg, der eit av kjenneteikna er stor variasjon. Kaldestad turnerer uanstrengt mellom ulike stilartar, og skriv like gjerne gammalengelske sonettar som ramsalt, vestlandsk ferjekrim. Kaldestad har gjort mykje for å fremje kunnskap om norsk barnelitteratur, m.a. som medredaktør for Årboka for barne- og ungdomslitteratur og bildeboknettverket Ord & Bilde. Han har òg vore formann i organisasjonen Norske Barne- og Ungdomsforfattere. For boka Sola klappar meg fekk Kaldestad i 1993 Æresliste-diplom Pier Paolo Vergetio (Europeisk barnebokpris). I 1997 mottok han Samlagsprisen, og i 2001 fekk han Askeladdprisen for sin forfattarskap og for arbeidet med Årboka for barne- og ungdomslitteratur. Kaldestad er utdanna cand. philol., men er i dag forfattar på heiltid. Han bur på Stord.