Kven er redd for Sonja Henie?
Innbunden

Kven er redd for Sonja Henie?

Luftige svev og grasiøse rørsler gav Sonja Henie ein unik status med talent og beinhardt arbeid vann ho det som var å vinne, vart filmstjerne i Hollywood og medstiftar av Henie-Onstad Kunstsenter på Høvikodden. Men forteljaren er sjølv ein mystisk og omskifteleg figur med si eiga historie, som blir fortalt i spenstige sprang, der Sonja Henies liv blir ein spegel for forteljaren, og dei vala ho tek.

Meldingar av Kven er redd for Sonja Henie?

"En burlesk og spretten liten bok om kunsten og om livet ... en liten roman, som gjør stort inntrykk. Dette er nemlig en spenstig og særegen bok, som det er en fryd å lese... Her er både fall, flukt og svev som gjør en leser overrasket og ør, men også lykkelig over å lese en bok som er så annerledes enn mye av det som ellers kommer ut i romans form"

Anne Cathrine Straume, NRK

"Pussig og småvittig ... En bok som ikke ligner på så mange andre,og de av oss som både liker kunst, løping og kunstløp har det i hvert fall ganske morsomt."

Cathrine Sandnes, AftenpostenLes melding frå NRKLes melding i Aftenposten
429,00 kr
Anne Karin Torheim
Om forfattaren

Anne Karin Torheim

(f. 1953) er poet og romanforfattar frå Nordfjord. Ho debuterte i 1990 med diktsamlinga Tida er verken ute eller inne, og ga ut sin første roman, Kven er redd for Sonja Henie? i 2002. Torheim ga ut si andre diktsamling, Huset på Halvvegen i 1993. I 1996 kom den tredje, Ferskentransporten: memoranda. Til saman utgjer desse tre bøkene ein dikttrilogi kalla Ferskentrilogien. Torheim har arbeidd med teater og skrive litteraturkritikk. Forutan sine eigne bøker har ho delteke i ulike antologiar, som Og ordet ble ord – ei essaybok om poesi (red. Arne Ruste og Dag Larsen, 1998) og antologiar for barn. For Samlaget har ho dessutan omsett bøkene til Alice Sebold frå engelsk. Torheim var medlem av Det litterære Råd i Den norske Forfatterforening i seks år. I dag bur ho i Stavanger.