Boka Kvalitet i opplæringa handlar om ulike sider ved arbeidet i skulen, slik det kjem fram i ei omfattande undersøking gjennomført av ei gruppe forskarar ved Høgskulen i Volda. Undervisning er observert i eit uvanleg stort omfang. Foreldre, elevar, lærarar og skuleleiarar har teke del i ei omfattande spørjeundersøking. Boka gir eit breitt bilde av verksemda i skulen, av det elevar og lærarar held på med og av korleis dei ulike aktørane vurderer det som går føre seg på mange ulike område. Undervisninga i faga engelsk, matematikk og norsk får særleg merksemd. Forskingsarbeidet gir eit godt grunnlag for å få innsikt i kva skule går ut på. Resultata er sentrale for å vurdere kvalitetane ved skulen, og gir eit utgangspunkt for å diskutere kva som eventuelt bør gjerast for å skape den skulen vi gjerne ville ha. Undersøkinga viser at det er store variasjonar og ulikskapar både innom og mellom skular på dei områda som er undersøkte. Eit heilt sentralt resultat er den store vekta på elevaktive arbeidsformer. Dei gir spesielle utfordringar når det gjeld å meistre elevmangfaldet og gi ei god opplæring som høver for alle elevar. For å lukkast med det er læraren og lærarkompetansen særs viktig. Boka er skriven for forskarar, lærarutdannarar, lærarar, studentar og andre med interesse for skulen. Professor Peder Haug har leia undersøkinga og redigert boka.