Kunsten å inhalera: roman

Barn og ungdom

Kunsten å inhalera: roman

12–16 år 3 t 11 min
Ei bok som tek det turbulente og litt såre ungdomslivet på kornet. 16-årige Anette er skuleflink, opprørsk og forelska, og bur i den mest avsidesliggjande bygda på ei øy. Her finst eit busskur, men bussane går ikkje lenger. Anette og venninna sit der dagleg likevel og let praten og tida gå. Anette har moped, og det same har sjølvsagt Bobby. Han er 18 og har dei vakraste, brune auge. Symjelæraren overtalar Anette til å begynne på symjetrening, og der melder også Bobby seg.
279,00 kr
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234005336
Ingelin Røssland
Om forfattaren

Ingelin Røssland

Ingelin Røssland (f. 1976) er frå Tysnes i Sunnhordland, men busett i Sverige. Ho debuterte med Viss du vil i 1998. For Handgranateple i 2006 blei ho tildelt Sunnmørsprisen og Uprisen. Ho har også motteke Sigmund Skard-stipendet, Guro Sandsdalens litteraturpris og Falturiltuprisen. Bøkene hennar er omsette til tysk, fransk, engelsk, færøysk og dansk. Ho er kanskje mest kjend for trilogien om Engel Winge. Den siste boka hennar var OMG frå 2019, som vart nominert til Kritikarprisen og til Uprisen.