Kom ei jente gåande: roman

Skjønnlitteratur

Kom ei jente gåande: roman

«Kom ei jente gåande er med sine enkle setningar, den eine sirleg lagt til den førre, ein diskret, dvelande og saktegåande roman, både vakker og nifs.»
— Jan Askelund, Stavanger Aftenblad
Om tilliten hos barn og ansvaret hos vaksne. Ei kvinne besøker mor si på dødsleiet, og det ho blir fortald, kastar om på alt ho trudde ho visste om barndommen sin. Det blir nødvendig for henne å oppsøke fortida. Vi blir tatt med til ei lita nordnorsk bygd på 1960-talet, der eit barn bur saman med Molle, ei eldre kvinne. Grytidleg ein sommarmorgon står barnet opp og går ut. Ho vandrar åleine etter vegen då ein bil stoppar opp. Det er legen Karl og kona hans, Pauline. Meir enn noko anna i verda ønsker Pauline seg eit barn. «Kom ei jente gåande» er ein roman om tilliten hos barn og ansvaret hos vaksne. Boka handlar om identitet og minne og om retningane eit liv kan ta, langt utanfor barnet sin kontroll.
329,00 kr
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252187786
Sigrid Merethe Hanssen
Om forfattaren

Sigrid Merethe Hanssen

Sigrid Merethe Hanssen (f. 1966) debuterte i 2007 med novellesamlinga Sprang, ei bok ho fekk Blixprisen for. Etter å ha gitt ut Ingen heime i 2009, fekk ho Sigmund Skard-stipendet for «starten på ein original, solid og spennande forfattarskap». Novellesamlinga Sprang (2007) imponerte med psykologisk innsikt og sensitivitet for samspel mellom menneske. Det er varierte noveller, lagde til ulike miljø, og vi følgjer kvinner og menn, barn, ungdom, vaksne og eldre. I ein nøktern og nådelaust avslørande tone tematiserer tekstane overgangsfasar, frå fellesskap til einsemd, frå klaustrofobi til fridom, frå liv til død. Kritikarane var alle einige om at debutboka var stilsikker, solid og velskriven.

Med Ingen heime (2009) etablerte Sigrid Merethe Hanssen seg som ein ny, spennande novelleforfattar, da ho med stø hand og stor innleving skreiv om menneske som ikkje kjenner seg heime i sine eigne liv, og som på kvar sin måte tek steget ut frå dei faste rammene – med dei konsekvensane dette får. I 2011 debuterte Hanssen som barnebokforfattar med historia om Detektiv Smartbart og sabotasjen på badet. Hanssen bur på Finnsnes.

Kom ei jente gåande (2022) er hennar andre roman.