Sigrid Merethe Hanssen
Sigrid Merethe Hanssen (f. 1966) debuterte i 2007 med novellesamlinga Sprang, ei bok ho fekk Blixprisen for. Etter å ha gitt ut Ingen heime i 2009, fekk ho Sigmund Skard-stipendet for «starten på ein original, solid og spennande forfattarskap». Novellesamlinga Sprang (2007) imponerte med psykologisk innsikt og sensitivitet for samspel mellom menneske. Det er varierte noveller, lagde til ulike miljø, og vi følgjer kvinner og menn, barn, ungdom, vaksne og eldre. I ein nøktern og nådelaust avslørande tone tematiserer tekstane overgangsfasar, frå fellesskap til einsemd, frå klaustrofobi til fridom, frå liv til død. Kritikarane var alle einige om at debutboka var stilsikker, solid og velskriven.
Med Ingen heime (2009) etablerte Sigrid Merethe Hanssen seg som ein ny, spennande novelleforfattar, da ho med stø hand og stor innleving skreiv om menneske som ikkje kjenner seg heime i sine eigne liv, og som på kvar sin måte tek steget ut frå dei faste rammene – med dei konsekvensane dette får. I 2011 debuterte Hanssen som barnebokforfattar med historia om Detektiv Smartbart og sabotasjen på badet. Hanssen bur på Finnsnes.
Kom ei jente gåande (2022) er hennar andre roman.
Litterære prisar
- Sigmund Skard-stipendet
- Blixprisen
Vis alle prisaneVis færre prisar
Sigmund Skard-stipendet
Sigmund Skard-stipendet for 2009
Blixprisen
Blixprisen for 2007.
Utgivingar av forfattaren
Om tilliten hos barn og ansvaret hos vaksne. Ei kvinne besøker mor si på dødsleiet, og det ho blir fortald, kastar om på alt ho trudde ho visste
Les meir …
Kom ei jente gåande: roman
Om tilliten hos barn og ansvaret hos vaksne. Ei kvinne besøker mor si på dødsleiet, og det ho blir fortald, kastar om på alt ho trudde ho visste
Les meir …
Kom ei jente gåande: roman
Detektiv Smartbart og sabotasjen på badet
Novellene er varierte: dei er lagt til ulike miljø, dei skiftar mellom kvinneleg og mannleg perspektiv, og skildrar barn, ungdom, vaksne og eldre. I ein nøktern og nådelaust
Les meir …
Sprang
Ei norsk kvinne reiser til ein gresk kystby. Ho leiger eit rom på ubestemt tid, for å fullføre eit skriveprosjekt. Sommaren går over i haust, byen blir tømt
Les meir …
Sofia
Vi møter ei ung kvinne som vegrar seg for nære relasjonar, ein familiefar som treffer ei framand kvinne på ein kyrkjegard, ein eldre mann som legg ut på
Les meir …

