Sofia
Innbunden

Romanar og noveller

Sofia

Ei norsk kvinne reiser til ein gresk kystby. Ho leiger eit rom på ubestemt tid, for å fullføre eit skriveprosjekt. Sommaren går over i haust, byen blir tømt for turistar og tilværet hennar blir stadig meir prega av isolasjon. Ein dag møter ho Sofia som arbeider på ein kafé i nærleiken. Denne jenta opptek snart all plass i tankane og skrifta hennar. Og då ho får for seg at Sofia er i fare, tek ønsket om å hjelpe overhand, og ho må kjempe mot krefter ho ikkje har kontroll over.

Frå meldingar:

«Det er bare å la seg fortrylle og forvirre av denne boka, som både er lys, varm, mørkegrå og bekmørk, men aldri svart-hvit» Live Lundh, Vårt Land

«Røynd, fantasi og draum grip inn i kvarandre i denne romanen ... teksten er ikkje konkluderande, og lesaren er ikkje viss på kva som eigentleg skjer, eller har skjedd. Slik får dei lesande høve til å dikta med, og teksten opnar seg for framande blikk og vert levande og engasjerande.» Odd W. Surén, Dag og Tid

«Så mykje, så lite, og likevel ein heil roman. Lesaren forstår at det gjeld livet for begge kvinnene og at Sigrid Merethe Hanssen med Sofiautan dramatikk har skrive fram ein flott, stilisert og kunstnarleg kontrollert kleinkunstroman.» Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

429,00 kr
Sigrid Merethe Hanssen
Om forfattaren

Sigrid Merethe Hanssen

Sigrid Merethe Hanssen (f. 1966) debuterte i 2007 med novellesamlinga Sprang, ei bok ho fekk Blixprisen for. Etter å ha gitt ut Ingen heime i 2009, fekk ho Sigmund Skard-stipendet for «starten på ein original, solid og spennande forfattarskap». Novellesamlinga Sprang (2007) imponerte med psykologisk innsikt og sensitivitet for samspel mellom menneske. Det er varierte noveller, lagde til ulike miljø, og vi følgjer kvinner og menn, barn, ungdom, vaksne og eldre. I ein nøktern og nådelaust avslørande tone tematiserer tekstane overgangsfasar, frå fellesskap til einsemd, frå klaustrofobi til fridom, frå liv til død. Kritikarane var alle einige om at debutboka var stilsikker, solid og velskriven.

Med Ingen heime (2009) etablerte Sigrid Merethe Hanssen seg som ein ny, spennande novelleforfattar, da ho med stø hand og stor innleving skreiv om menneske som ikkje kjenner seg heime i sine eigne liv, og som på kvar sin måte tek steget ut frå dei faste rammene – med dei konsekvensane dette får. I 2011 debuterte Hanssen som barnebokforfattar med historia om Detektiv Smartbart og sabotasjen på badet. Hanssen bur på Finnsnes.

Kom ei jente gåande (2022) er hennar andre roman.