Barn og ungdom

Kode 6: ingen må vite kven du er : roman

9–12 år
Kasper har aldri hatt ein bestevenn. Så startar Stian i klassen. Han har hemmeleg nummer og vil ikkje bli tatt bilde av. Kva er det han skjuler?

Stian og Kasper bur i Vågen, ein liten stad langt mot nord. Alle kjenner alle, og rykta går fort. Når Kasper får vite hemmelegheita til Stian, må han halde kjeft og lyge for å beskytte vennen sin. Men å skilje mellom venn og fiende kan vere verre enn du trur.

Kode 6. Ingen må vite kven du er er ei underhaldande spenningshistorie, men òg ei forteljing om korleis eit liv på flukt i Noreg kan vere i dag.
199,00 kr
Utgivingsår
2024
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234012068
Harald Nortun
Om forfattaren

Harald Nortun

Harald Nortun (f. 1972) er utdanna litteraturvitar og har arbeidd som lektor ved NTNU. Han debuterte som forfattar med romanen Røverskogen i 2006. I 2015 gav han ut ein kritikarrost roman for barn, Eksperimentet, som er omsett til fire språk, blant anna fransk og nederlandsk. I 2019 blei barneromanen Blå flaggermus nominert til Brageprisen, og året etter blei boka Superfinalist i Bokslukerprisen. For den siste boka si Skallen (2021) var han også Superfinalist i Bokslukerprisen. Nortun er busett i Trondheim.