Generell litteratur

Kjøkenbenkrealisme: ærlege historier om tidsklemma

Ofrar du barna for eit umenneskeleg karrierejag? Lar du dei veksa opp i barnehagen? Eller er du så dum at du vel vekk karriere, pensjonspoeng og inntekt? Kjøkenbenkrealisme ei bok full av ærlege historier om familieliv i dag. Du møter heimeverande, deltids- og fulltidsarbeidande og får eit uvanleg innblikk i korleis småbarnsforeldre i dag organiserer kvardagen. Her vert ikkje småbarnstida idyllisert, men både søvnmangel, frustrasjonar, samanbrot og gleder kjem fram. Boka handlar òg om småbarnsmora Olaug Nilssen. Det er ei rørande historie om hennar veg frå mykje jobbing og reising til å innsjå at ho måtte vere meir heime. Olaug Nilssen valde annleis etter at ho fekk barn, særleg etter at det synte seg at den eine sonen hennar har særskilte behov.

429,00 kr
Olaug Nilssen
Om forfattaren

Olaug Nilssen

Olaug Nilssen (f. 1977) fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Boka braut tabu knytte til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I romanen Tung tids tale, som ho fekk Brageprisen for, fortel ho med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn. I 2019 gav ho ut det satiriske lesestykket Ikkje tenk på det, om stoda i norsk bokbransje, og same året fekk ho Doblougprisen for forfattarskapen sin. I 2021 fekk ho Fritt Ords pris i lag med Bjørn Hatterud og Jan Grue.

Fleire foto av Eivind Senneset:
(Trykk på bileta for å laste ned i høg kvalitet)