Eit fotballkort som ingen får tak i. Ein verdfull Elvis-singel. Ei søt, dansk jente ved ein minigolfbane. Eit innbrot. Ein vennskap. Ei observant søster, og sist, men ikkje minst: Ein bestefar med brylkremsleik og eit fast handtrykk. Vi har å gjere med ei lun oppvekstskildring, der alvorlegare tonar lurer under. Denne hausten tårnar bekymringane seg opp for Jo Istad. Han skal begynne på ungdomsskolen, prøve å spele seg til fast plass på gutelaget i fotball, og som om ikkje det var nok: Han skal få installert plattfotsolar. Boka har ei frittståande fortsetjing i Narnia-draumar. Boka er filmatisert.