Keeperen til Tunisia: roman

Barn og ungdom

Keeperen til Tunisia: roman

12–16 år 3 t 58 min
Boka bak filmen Keeper'n til Liverpool. Eit fotballkort som ingen får tak i. Ein verdifull Elvis-singel. Ei mørkhåra, dansk jente ved ein minigolfbane. Eit innbrot. Ein vennskap. Ein storebror som går på fotballgymnas. Ei observant søster, og sist, men ikkje minst: ein bestefar med brylkremssleik og eit fast handtrykk. Og midt oppi det heile: Jo Idstad. Kven elles? Keeperen til Tunisia er boka bak filmen Keeper'n til Liverpool.
279,00 kr
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234009587
Lars Mæhle
Om forfattaren

Lars Mæhle

Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn, unge og vaksne og har fått Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, Uprisen og Fabelprisen.

Han debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper'n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Denne fekk han Kulturdepartementets litteraturpris for beste barn- og ungdomsbok, og vart dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikt i dei tre store verdsreligionane jødedom, kristendom, islam står sentralt.

Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.