InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Jojo

9–12 år
Morosam teikneserie for barn! Korleis er det å ha ei ninjamamma? Kva gjer agent bønne og agent mais når dei finn ut at Jojo ikkje liker taco? Og kvifor er det kult å vere katt? Med Jojo har Neverdahl skapt eit originalt, fargerikt og moderne univers - perfekt for teikneseriesvoltne barn og unge. Teikneseriestripene om Jojo er publiserte i Norsk Barneblad. No er fleire av dei morosame forteljingane frå Jojo sitt liv samla i ei bok, til glede for både gamle og nye lesarar. Til denne boka har Ida Eva Neverdahl skrive og teikna ei heilt ny rammeforteljing, der vi mellom anna får vite kvifor livet til Jojo er så magisk og absurd.
329,00 kr
Sider
45
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252195118
Ida Eva Neverdahl
Om forfattaren

Ida Eva Neverdahl

(f. 1993) er teikneserieskapar og illustratør. Ho har laga nettseriar, teikneseriestriper og gitt ut fleire bøker for barn og unge, mellom anna teikneserien Jojo på Samlaget, og dessutan teikneserietrilogien om antihelten Floke.