Gaute M. Sortland (f. 1980) kjem frå Haugesund. Han debuterte som forfattar med romanen Johan i 2009, og er kjend som songar og musikar i Bergen Mandolinband. Sortland mottok mange gode meldingar for debutboka, og blei mellom anna kalla ein særdeles løfterik debutant. Johan er ei forteljing om det å miste og å leve vidare. Historia er truverdig fortald i eit stillfarande språk. I 2011 kom kortprosasamlinga Du er her igjen og alt er forandra. Gaute M. Sortland er låtskrivar og vokalist i country- og bluegrassbandet Bergen Mandolinband. Bandet spelar amerikansk folkemusikk i nynorsk språkdrakt og gav i 2008 ut si første plate, Lang veg til Tysvær. Plate nummer to, Til skogen, kom i 2010. Sortland har mastergrad i nordisk litteraturvitskap og bur i Oslo.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO