Jamvektssamfunnet er utopien om ei verd i økologisk balanse. Vegen dit er den einaste som fører ut av det globale økologiske uføret vi er komne i, meiner Hartvig Sætra, og støttar seg til Brundtland-kommisjonen. Men skal vi nå dit, må vi ta opp att dei sosialistiske grunnverdiane og lage nye strategiar utifrå dei. Eit jamvektssamfunn kan aldri oppstå av ein grønn kapitalisme. Økologisk balanse mellom menneskeet og naturen står i fundamental motsetning til marknadsøkonomiske prinsipp.