Last ned omslag

Bla-i-boka

Ishavet

Gunnar Myklebust

Pelsdyrfangst og vågemot

Ishavet har hatt ei uimotståeleg dragning på nordmenn i fleire hundreår. Ei kald og mektig øydemark som med overveldande prakt og nådelaus natur har lokka generasjonar av eventyrarar og fangstfolk. Villige til å utfordre det ukjente for eit utkome. Eller berre for å oppleve det. I spinkle farkostar eller primitive vinterhytter sette norske fangstmenn livet på spel for draumen om det store varpet. Ishavssoga er full av dramatiske historier om dei som ville og våga, om nyfiken utferdstrong og ufatteleg vågemot. Om dei som lykkast og kom heim, nokre som berre kom heim – og mange som vart igjen der ute.

I denne boka losar Gunnar Myklebust oss gjennom fleire hundre år med norsk fangsthistorie, frå veidemennene i mellomalderen til den internasjonale kampanjen som knekte norsk selfangst. Boka er utstyrt med mange flotte fotografi og illustrasjonar. Boka har ei liste over alle skutene som drog til ishavet.


ISBN: 9788252184143

Kategoriar: Fakta og dokumentar, Gunnar Myklebust

Emneknagg: 2014, Innbunden,

Sjanger: Historie



Meir frå Gunnar Myklebust