Indianarar
Innbunden

Indianarar

Dei 19 novellene i Indianarar handlar om unge og gamle menneske, ofte par, som opplever at kvardagslege situasjonar brått kan snu og bli dramatiske.

Andre gonger tonar situasjonane ut i ein slags dis, eit mørke. Novellene er varierte, til felles har dei at dei får fram ei uvanleg tydeleg livskjensle. Språket er presist og nøkternt, med flotte poetiske stikk innimellom. Novellene vekslar mellom det knappe, realistiske og det lausare, meir absurde og humoristiske.

429,00 kr
Rune F. Hjemås
Om forfattaren

Rune F. Hjemås

Rune F. Hjemås (f. 1982) er frå Heimdal utanfor Trondheim. Han debuterte i 2008 med prosasamlinga Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd, og gav året etter ut novellesamlinga Indianarar. Debutboka fekk gode meldingar, og oppfølgjaren Indianarar, som kom i 2009, blei kåra til ei av årets beste bøker av Klassekampen og hamna som nr. 4 på Adresseavisens liste over beste skjønnlitterære bøker i 2009. I 2021 kom den første barneboka hans, Ein bror i verdsrommet. Hjemås har saman med Mathias R. Samuelsen vore redaktør for Ny amerikansk poesi frå 2018. I 2024 kjem band nummer to.

Hjemås har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland, og har teke mastergrad i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen og Oslo. Han har sidan 2001 delteke i fleire antologiar, og skriv jamleg for ulike tidsskrift, aviser og bloggar. Han fekk i 2018 Trondheim kommunes bykunstnarstipend og bur for tida i Adrianstua.