Skjønnlitteratur

Huset jorda i vatn

««Huset jorda i vatn» er ei vakker diktsamling som på fruktbart vis set tankane, den vesle ånda, i sving hos lesaren (...) I våre dagar verkar Dale sin poesi meir relevant enn nokosinne (...) På ein poetisk vellukka må...»
— Bergens Tidende
Lyset over den raude naustveggen liknar
flammar og røyk

Eg kviler i kajakken, nær punktet der havet tek fyr

Ber om ein elskar å gå over øya med
om å få tilbake

den lysande lina der hav møter himmel, som ein stige
ein dis, å segle inn i

bak hendingane



Eg blir skild og må flytte frå huset ho er så glad i, til ein mellombels heim, ei rorbu på ei øy lenger ut i havgapet. Der må ho venne seg til eit nytt landskap, til å vere aleine i naturen som omgjev henne.

Kan huset ho forlet, likevel bli ståande i hennar bilde? Slik berga står i vatnet, opp ned som spegelbilde. Eller slik refleksar av bølgjer blir kasta opp på murveggen i sol, og dannar eit mønster av lys. Slik inne verkar saman med ute, slik utsynet opnar romma i huset og fugleskrika ber gjennom dei, slik naustet er inngangen til fjorden.

Huset jorda i vatn er eit forsøk på å skrive eit hus før det blir selt og overteke av nokon andre.
299,00 kr
Utgivingsår
2024
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234013850
Hildegunn Dale
Om forfattaren

Hildegunn Dale

Hildegunn Dale (f. 1974) er forfattar og redaktør. Dale kjem frå Modalen og bur på Misje. I fleire år var ho ein markant diktar i Bergens poetiske undergrunn før den etterlengta debuten i 2003 med diktsamlinga Solkant, som er både stilfull, sterk og språksikker. I 2004 følgde ho opp med Elvedraumar, ei samling dikt der det konkrete i større grad enn i førsteboka blandar seg med det abstrakte. I Sea, say and see (2006) viser Dale nok ein gong ei forbløffande evne til å konstruere og levandegjere landskap og omgjevnader i dikta sine – og slik setje lesaren inn i opne og sansbare rom og stemningar. Huset jorda i vatn er den åttande diktsamlinga hennar.