Om forfattaren
Hildegunn Dale
Hildegunn Dale (f. 1974) er forfattar og redaktør. Dale kjem frå Modalen og bur på Misje. I fleire år var ho ein markant diktar i Bergens poetiske undergrunn før den etterlengta debuten i 2003 med diktsamlinga Solkant, som er både stilfull, sterk og språksikker. I 2004 følgde ho opp med Elvedraumar, ei samling dikt der det konkrete i større grad enn i førsteboka blandar seg med det abstrakte. I Sea, say and see (2006) viser Dale nok ein gong ei forbløffande evne til å konstruere og levandegjere landskap og omgjevnader i dikta sine – og slik setje lesaren inn i opne og sansbare rom og stemningar. Huset jorda i vatn er den åttande diktsamlinga hennar.