InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Ho sykla bort: og andre noveller

Dramatikken i kvardagen. Solfrid Sivertsens noveller er sterke og lågmælte, med ein dramatikk som syd under overflata. Nokre av dei har synsvinkelen til barn: ein busstur vekk frå ein alkoholisert far, eit sakn etter ein stefar som er forsvunnen, ei veslesøster som har drukna, ei linje frå ei historie som har sett seg fast i hovudet. Andre noveller krinsar rundt minne som dannar utgangspunkt for historier om eit heilt livsløp: Ei kvinne har flytta heim til mor si etter eit samlivsbrot, ein mann er i ferd med å miste minnet på sjukeheimen, ei kvinne oppdagar at mannen har eit dobbeltliv. Felles for alle novellene er at dei har ein kvardagsleg og nedtona dramatikk og ei sårheit som skin gjennom hos hovudpersonane.

349,00 kr
Solfrid Sivertsen
Om forfattaren

Solfrid Sivertsen

(f. 1947) debuterte i 1986 med novellesamlinga Porselensfiguren. Ho har også skrive romanar, dikt og bøker for barn. I 1994 fekk ho Nynorsk litteraturpris for romanen Grøn koffert. I 2006 markerte Sivertsen sitt 20-årsjubileum som forfattar med å gi ut novellesamlinga Små, små løgner – ei samling stramme og stringente noveller som både er sanselege og nære, samtidig som dei har eit sjenerøst dryss av fine, små detaljar. I 2008 kom romanen Eit plutseleg mørke der Sivertsen igjen viser at ho meistrar å kombinere stillfarande realisme med sterk dramatikk. I 2010 vann Solfrid Sivertsen 1.-pris i forlaget Margboks romankonkurranse med romanen Før klokka fire. I juryens grunngiving heitte det m.a. at Sivertsen er «ei tøtte som står fjellstøtt i vårt litterære landskap». Sivertsen er frå Mosterhamn der ho framleis bur og arbeider som bibliotekar.