Historia om Erling Braut Haaland
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Historia om Erling Braut Haaland

9–12 år
«En av de beste idrettsbiografiene jeg har lest for barn og unge»
— Prosa
EIT NORSK FOTBALLFENOMEN Erling Braut Haaland er kanskje den mest kjente nordmannen i verda akkurat no. Ettersom han dundra inn mål etter mål for det norske landslaget og den tyske storklubben Borussia Dortmund, ville alle dei største klubbane i verda kjøpa han. Men Erling valde til slutt Manchester City. Noreg har kanskje aldri fostra opp eit større talent. Korleis blei ein spedbygd gut frå vesle Bryne eit av dei største fenomena i den største idretten på verdsbasis? I denne rikt illustrerte boka får du oppturar, nedturar og den ustoppelege viljen til å bli betre. Boka kan inspirera alle fotballinteresserte som drøymer om å bli fotballproff. Forfattaren Ørjan Zazzera Johansen er òg frå Bryne. Han har skrive historia om Erling Braut Haaland. Boka er illustrert av Thomas Kirkeberg.
369,00 kr
Sider
152
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234007583
Ørjan Zazzera Johansen
Om forfattaren

Ørjan Zazzera Johansen

Ørjan Zazzera Johansen (f. 1974) er forfattar og lesevitar. Johansen har skrive fleire barnebøker, mellom anna Historia om Erling Braut Haaland (2022), som vart nominert til både ARKs barnebokpris og Bokslukerprisen, og Erling Braut Haaland – frå liten til størst (2024). Til dagleg jobbar han som formidlar ved Garborgsenteret.