Arne og Hulda Garborg: saman endra dei Noreg

Barn og ungdom

Arne og Hulda Garborg: saman endra dei Noreg

Kjem 16. november 12–16 år
Ekteparet Arne og Hulda Garborg er to av Noregs største forfattarar, tenkarar og påverkarar gjennom tidene. Arne kjenner me kanskje best som forfattar av Fred og Haugtussa, medan Hulda blir assosiert med bunaden.

Men det var aldri sjølvsagt at dei skulle bli så markante. I denne biografien blir me tekne med til barndomen deira, til Jæren, der Arne vaks opp med ein tyrannisk og psykisk sjuk far, og til Hamar, der Hulda eit av få barn med skilde foreldre.

Forfattaren Ørjan Zazzera Johansen, som har vore tilsett ved Nasjonalt Garborgsenter sidan 2011, fortel levande og engasjerande om korleis dei radikale tankane til Garborg-paret, til dømes om personleg fridom, likestilling og nasjonal identitetsbygging, har hatt stor betydning for korleis Noreg ser ut i dag. Arne og Hulda Garborg – saman endra dei Noreg er også ei historie om stor kjærleik, om kreativt fellesskap og om å overleva som kunstnar i eit fattig Noreg.
Boka er illustrert av Lars Henrik Eriksen.
199,00 kr
Forventa i sal
16. november
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234016004
Ørjan Zazzera Johansen
Om forfattaren

Ørjan Zazzera Johansen

Ørjan Zazzera Johansen (f. 1974) er forfattar og lesevitar. Johansen har skrive fleire barnebøker, mellom anna Historia om Erling Braut Haaland (2022), som vart nominert til både ARKs barnebokpris og Bokslukerprisen, og Erling Braut Haaland – frå liten til størst (2024). Til dagleg jobbar han som formidlar ved Garborgsenteret.