Heilage stader i Norge

Magnus Rindal | Gro Steinsland

Til alle tider har menneska halde enkelte stader for heilage. I naturen og sakrale bygningar har vi møtt våre gudar og demonar, utført våre ritual, og rom for våre tankar om døden. Her har det heilage i ei eller anna form vist seg for oss, og tilværet har blitt meiningsfylt, igjen og igjen.I Heilage stader i Norge blir lesaren teken med til eit utval slike heilagstader.

Frå kyrkjeruinane i Gamlebyen i Oslo og Søsterkyrkjene på Hadeland i sør til fallossteinen på Dønna og helleristningsfeltet i Alta i nord dei ulike kyrkjebygga, bautasteinane, gravhaugane og helleristningane markerer kultus, tru og historie... Interessa for det mystiske og det ukjente aukar stadig i landet vårt. I dag er det slike heilagstader ein ofte oppsøkjer på reise i vårt eige land, og her får du bakgrunnshistoria for kvifor nettopp desse stadene har blitt så viktige for vår historie og kultur.


ISBN: 9788252156577

Kategoriar: Magnus Rindal

Emneknagg: 2001, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Magnus Rindal