Harry og Ivar i Junaited Statesen

Barn og ungdom

Harry og Ivar i Junaited Statesen

9–12 år 2 t 21 min
Harry og Ivar er tilbake! Harry har meldt seg på VM i plystring i Las Vegas, og han er både sikker på å vinne og slemmare mot Ivar enn nokon gong. Han bruker opp alle pengane deira på blåbærbrus og karamellar, og er elles ufyseleg. Berre for å nemne noko. Dårleg nytt: Deira store fiende, superskurken Kameleonen, er rømt frå eit fluktsikkert fengsel. Godt nytt: Kameleonen er redd for hundar, også Kåre Albert, hunden til Ivar. Supert nytt: Vinnaren i plystre-VM får 100 000 dollars i moneys. Elendig nytt: Harry plystrar like surt som ei sursild. Og kva er eigentleg «løøv» for noko rart? Illustrert av Per Dybvig Lars Mæhle er ein produktiv og prislønt barne- og ungdomsbokforfattar. Han har mellom anna vunne ungdommens eigen pris, Uprisen, og bøkene hans er omsette til fleire språk. Les også: Harry og Ivar finn opp krutet Harry og Ivar tryllar jula inn Harry og Ivars detektivbyrå
199,00 kr
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234007620
Lars Mæhle
Om forfattaren

Lars Mæhle

Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn, unge og vaksne og har fått Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, Uprisen og Fabelprisen.

Han debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper'n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Denne fekk han Kulturdepartementets litteraturpris for beste barn- og ungdomsbok, og vart dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikt i dei tre store verdsreligionane jødedom, kristendom, islam står sentralt.

Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.