Skjønnlitteratur

Hard er mitt lands lov: roman

Stor episk roman om eit vikingtokt til det indre av Afrika! Året er 1010. Eit norsk vikingskip ligg i Roma på handel. Ein mann frå dei norrøne nybygdene på Grønland går om bord. Han kjem i krangel med hovdingen på skipet. Orda hans er uforsonlege, og etter ein bitter strid står han der som drapsmann. Mannskapet vil hemne hovdingen, men grønlendingen staggar dei med ei forteljing om ei gammal fønikisk handelsrute til det indre av Afrika og med løfte om rikdom og ære. Dei lèt seg fange av orda hans, og då skipet står til havs mot vest, står grønlendingen til rors som ny hovding på Havjerven. Med det startar ei skjebnesvanger reise. Hard er mitt lands lov er ein stor episk roman om eit vikingtokt til det indre av Afrika. Tore Kvæven (f. 1969) bruker si eiga erfaring frå reiser i Afrika, og inspirert av islendingesogene og med eit vell av historisk kunnskap tek han lesaren med på eit uforgløymeleg tokt.
249,00 kr
Sider
542
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252196085
Tore Kvæven
Om forfattaren

Tore Kvæven

Tore Kvæven (f. 1969) bur i Sirdal i Vest-Agder. Han debuterte i 2011 med Hard er mitt lands lov. Han har også skrive barneboka Kameljegeren (2013). I 2018 kom romanen Når landet mørknar, som vart tildelt Brageprisen same år og Sørlandets Litteraturpris i 2019. I 2022 fekk Kvæven Stig Sæterbakkens minnepris. Raudt støv. Bok 1 kom hausten 2023 og vart nominert til Sørlandets Litteraturpris 2024. Raudt støv. Bok 2 kom hausten 2024. Tore Kvæven er sauebonde og lærar.

Foto: Tommy Ellingsen