Innføring i lingvistikkens vitskapsteori, med vekt på grammatikkstudiet.
Denne boka gir ei innføring i lingvistikkens vitskapsteori, med vekt på grammatikkstudiet. Diskusjonen er sentrert rundt det synet at grammatikken er forankra i menneskets psyke - i ein mental grammatikkevne, og at grammatikkstudiets oppgåve djupast sett er å karakterisere denne evna.
Grammatikk - kultur eller natur? tek blant anna for seg kva som er objektet for forskinga i grammatikken, kva som er forholdet mellom beskriving og forklaring, og korleis ein skal plassere grammatikkstudiet i forhold til kategoriane humanvitskap og naturvitskap. Det blir lagt vekt på å samanlikne grammatikkstudiet med andre vitskapar.
Målgruppa er studentar i lingvistikk og hovudfagsstudentar i språklege disiplinar ved universitet og høgskolar. Boka kan lesast med utbytte på alle nivå i språkfaga - også av doktorgradsstudentar med språkvitskaplege prosjekt.