Last ned omslag

Bla-i-boka

Vegandi - Galderstjerna

Asbjørn Rydland

Første bok i spennande fantasyserie om dataspelaren Eirik

Etter at Eirik og mora held på å køyre på ein sølvrev på veg heim til det nye huset sitt, står merkelege hendingar i kø: Ein framand mann slår Eirik i svime, og han vaknar opp med eit mystisk runesymbol på brystet. Korleis har dette skjedd, og kvifor finn Eirik det same symbolet i dataspelet han og kompisen Khalid speler? 

Vegandi-serien er eit medrivande univers med gudar, magi, dataspel og parallelle dimensjonar. I denne første boka blir Eirik kasta ut i ei verd som er mykje større, farlegare og meir forvirrande enn han aner, og han blir sett på harde prøvar både i si eiga verd og parallellverda dataspelet fører han inn i.

ISBN: 9788252192155

Kategoriar: Årets bøker, Asbjørn Rydland, Barne- og ungdomsbøker,

Emneknagg: 2016, Innbunden,

Sjanger: Ungdom



Meir frå Asbjørn Rydland