Full fart i førtifem!: idébok til fysiske aktivitetar
SpiralbundenFleire format

Fagbøker

Full fart i førtifem!: idébok til fysiske aktivitetar

Praktisk idébok med forslag til ulike timeopplegg i kroppsøving. Aktivitetane krev lite utstyr og er lette å organisere. Dei kan tilpassast store eller små grupper, og gjennomførast på store eller små område. Boka inneheld alternative aktivitetar, som ein ved ulike organiseringsmåtar kan differensiere etter kvar elev sine føresetnader. Boka er i første rekkje retta mot studentar som har kroppsøving og fysisk aktivitet som fag i utdanninga og mot lærarar og andre som arbeider med tilrettelegging av fysiske aktivitetar i grunnskolen og i barneidretten.
229,00 kr
Sider
68
Utgivingsår
2001
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252157413
KA
Om forfattaren

Kari Aaberge

er idrettskandidat og har idrett hovudfag frå Idrettshøgskolen. Ho har vore tilsett ved Høgskolen i Sogn og Fjordane sidan 1985. Kari Aaberge har undervisningserfaring frå grunnutdanninga ved lærar- og førskulelærarutdanninga, og frå idrett grunnfag og idrett mellomfag. Ho har dessutan halde kurs om barn si utvikling og fysiske aktivitetar for barn.