Frøppeldunk

Barn og ungdom

Frøppeldunk

9–12 år
Kvar sommar reiser Ea og mora til campingplassen Frøppeldunk for å fiske, bade og ikkje minst treffe alle dei andre feriegjestane igjen. Men denne sommaren skjer det noko uventa: fargane forsvinn, ein etter ein! Korleis i all verda kan det ha seg? Dette må Ea og ferievennen Lars finne ut av, og det før absolutt alle fargane er vekk og heile verda blir grå! Ei intens jakt etter løysinga startar og alle dei rare, fine campinggjestane på Frøppeldunk blir involvert i mysteriet.
249,00 kr
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252189742
Berit Rødstøl
Om forfattaren

Berit Rødstøl

(f. 1979) er forfattar, journalist og dokumentarfilmskapar. I 2010 debuterte ho med romanen Himmelreisande, som handlar om hunden Laika som vart send ut i verdsrommet i 1957. Ho har også gitt ut barneboka Frøppeldunk (2015) saman med Christian Fjeldbu (illustratør). Etter punktum er hennar andre roman.

Last ned fleire portrett.