InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Etter punktum: roman

Ei bygd som ikkje gløymer.

Ei ung jente døyr i ei tragisk bussulykke og fører ei lita vestlandsbygd inn i ei tåke av sorg og fordømming. Femten år seinare vender dottera til bussjåføren attende for å ta over garden og blir overraska av ei bygd som ikkje har gløymt. Romanen handlar om det som skjer etter at punktum er sett. Om ei kollektiv sorg som ikkje vil gro, om retten til å sørgje og om å arve ein annan si skuld.
429,00 kr
Berit Rødstøl
Om forfattaren

Berit Rødstøl

(f. 1979) er forfattar, journalist og dokumentarfilmskapar. I 2010 debuterte ho med romanen Himmelreisande, som handlar om hunden Laika som vart send ut i verdsrommet i 1957. Ho har også gitt ut barneboka Frøppeldunk (2015) saman med Christian Fjeldbu (illustratør). Etter punktum er hennar andre roman.

Last ned fleire portrett.