Fristilt og velstyrt?

Nils Aarsæther | Signy Irene Vabo

Korleis har kommunar og fylkeskommunar innretta seg etter den nye kommunelova i 1992? Boka tek utgangspunkt i grunnleggjande spørsmål om demokrati og lokalforvaltning, og drøftar tendensar i kommuneutviklinga.

Ti år etter at den nye kommunelova vart vedteken, er det tid for å gjere opp status: Korleis har kommunar og fylkeskommunar innretta seg etter den nye lova, og korleis har dei nytta den fridomen dei fekk?

Boka Fristilt og velstyrt? byggjer på forskinga knytt til Kommunelovprogrammet i Noregs forskingsråd, men femnar vidare og inkluderer også andre sentrale forskingsbidrag frå 1990-talet og framover.

Forfattarane tek utgangspunkt i ein del grunnleggjande spørsmål om demokrati og lokalforvaltning. Ut frå dette drøftar dei tendensane i kommuneutviklinga i dag. Dei ser på folkeleg deltaking og dei folkevalde si rolle, konkurranseutsetjing og effektiv tjenesteproduksjon, miljøvern og lokal næringsutvikling i den nye kommunen.

Med boka ønskjer forfattarane å stimulere til refleksjon kring verdigrunnlaget for det kommunale folkestyret. Dei har eit klart normativt utgangspunkt for framstillinga, og boka kan sjåast på som eit innspel i debatten om den norske kommuneinstitusjonen.


ISBN: 9788252159141

Kategoriar: Nils Aarsæther

Emneknagg: 2002, Hefta,

Sjanger: Unknown Type


Meir frå Nils Aarsæther