Om boka
Sitat frå melding
Marta Norheim har berika den norske essaylitteraturen med ei spenstig samling, tolv tekstar i alt, der det særleg er det ho kallar kulturens «spenningsfelt» og «friksjonsflater» som interesserer henne. Perspektivet spenner vidare enn det som er Norheims spesialitet, litteraturkritikken. Vi merkar nok at det er ein litteraturkritikars tankar vi blir inviterte til å dele. Men blikket som ser og dei assosiasjonane som blir spunne, er ofte vel så friske og stimulerande når ettertanken samlar seg om ikkje-litterære emne.
Marta Norheim er kunnskapsrik og humoristisk, og skriv ein lett og ledig nynorsk prosa. Ho gjer ikkje skam på den tradisjonen ho står i, og at denne tradisjonens far, Michel de Montaigne, har fått vere ein gjennomgåande referansefigur i boka, verkar heilt naturleg.
Marta Norheim har en pedagogisk og lett penn, og en evne til å gjøre tunge temaer enkle og oversiktlige.