Fotturar i Norge

Skjønnlitteratur

Fotturar i Norge

Gaute M. Sortland er tilbake med ny kortprosasamling. Når ein sit i byen og lengtar til fjells, er det ikkje til å unngå at denne lengselen smittar over på tekstane. Slik er det med Gaute M. Sortlands nye kortprosabok. Fotturar i Norge representerer ein klar dag om hausten, eit landbruk i krise og eit familiemedlem som ligg og skal døy. Fotturar i Norge er sniglegift og draumar, beatlitteratur og avbestilte feriar. Fotturar i Norge er like plastisk som framtida. Fotturar i Norge er faktisk betre enn sitt rykte, og også hyggeleg på tomannhand. Fotturar i Norge er sjølve livet, på godt og vondt, full av humor, melankoli, trass og pågangsmot.
329,00 kr
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252188363
Gaute M. Sortland
Om forfattaren

Gaute M. Sortland

GAUTE M. SORTLAND (f. 1980) kjem frå Haugesund. Han debuterte som forfattar med romanen Johan i 2009, og sidan har han gitt ut ein ungdomsroman og fleire kortprosa-og novellesamlingar. Tid og rom er den niande boka hans, og den andre romanen. Sortland er òg kjend som songar og musikar i Bergen Mandolinband.