Du er her igjen og alt er forandra
Innbunden

Romanar og noveller

Du er her igjen og alt er forandra

Tenk deg å kunne drepe nokon berre med blikket. Tenk deg å kjenne seg så fri, som ein jamaica-kar, at du kler av deg og går rett bort og helsar på naboen. Eller tenk deg noko så fint som å bli vekka av dryssande snø ned på ansiktet ditt frå lua til den du bur med, og snart luktar det nybakt brød, og det er på tide å stå opp. Slik er det i Gaute M. Sortlands nye bok der forteljingar er spreidde utover eit heilt vanleg år. Her får dei fleste vere med: sokneprestar, fyllekjørarar, livsnytarar og (potensielle) øksemordarar. Folk som opplever at livet plutseleg har endra seg, eller som med eitt oppdagar seg sjølv midt i livet.

429,00 kr
Gaute M. Sortland
Om forfattaren

Gaute M. Sortland

GAUTE M. SORTLAND (f. 1980) kjem frå Haugesund. Han debuterte som forfattar med romanen Johan i 2009, og sidan har han gitt ut ein ungdomsroman og fleire kortprosa-og novellesamlingar. Tid og rom er den niande boka hans, og den andre romanen. Sortland er òg kjend som songar og musikar i Bergen Mandolinband.